Sunnmørsgruppa

Sunnmørsgruppa i NKLF møtast 3-4 gongar i året. Legar og tannlegar, gjerne i følgje med sin betre halvdel er hjerteleg velkomne! Ofte møtast vi i ein heim og har hatt ein hyggeleg tradisjon med at dei fleste som kjem, tek med litt "mat på fat" (med alt frå skål med druer, brownies til meir edelt danderte snittar). Frå tid til annan har vi hatt små prosjekt med td bygging av ein vasstank for regnvatn ved ein helseinstitusjon i Etiopia. Mange av samlingane våre har hatt fokus på mulegheitene vi som "vanlege" legar har for innsats i utviklingsland. Andre nylege tema har vore "Møte med den døande pasienten" og "Kva er vår respons når etikken møter det verkelege livet" med utgangspunkt i boka "Menneskeverd i klinikk og politikk" og "Bioteknologi, mulegheiter og utfordringar".

Datoar for møta i 2020 er ikkje endeleg fastsett, men vi siktar på eitt møte i mars, eitt i juni og eitt i oktober. 

Søk oss gjerne opp på facebook-gruppa: Sunnmørsgruppa NKLF eller ta kontakt med hildabrusyn@gmail.com.